Det er veldig rart aa vera tilbake i Palestina. Naar ein er i Norge er det saa utrulig fjernt, men med ein gong eg kom tilbake foeltes det som om eg aldri hadde reist. Nokon ting er forandra, eg fant ikkje bussen til Jerusalem i Ramallah og det er kommet eit stort nytt kjoepesenter ved Jaffa gate (me i Norge kunne laert noko fraa israelerane akkuratt der, det er faktisk eit pent kjoepesenter som er bygd saann at det ikkje viser foer ein er inne i det). Er akkurat tilbake i Beit Sahour etter eit hyggelig kafebesok med Issa (ein palestinsk kamerat) der.
Saa langt har me hatt ein dag med olivenplukking og turar i Hebron, Ramallah og Jerusalem. Eg har blitt intervjua av ein reporter fraa den arabiske tv-stasjonen Al-Arabiyye, og det har visst blitt vist paa tv - dubba til arabisk. :) Det blir lagt ut daglige rapportar paa jai-pal.org (eg er i gruppe B).
EDIT: eg hadde tenkt aa skrive eit lenger innlegg paa fellesbloggen, men eg begynner aa merke den alt for tidlege morgonen eg hadde i dag, saa dette faar holde. Var altsaa oppe foer fire for aa observere paa Betlehem checkpoint saman med ledsagarar. Planen var aa gaa gjennom sjekkpunktet saman med dei tusenvis som ventar paa aa sleppe gjennom til Israel og paa jobb om morgonen, men nokon av oss var ikkje flinke nok til aa presse og blei derfor staande igjen paa palestinsk side. Me venta nokon timar, og haapte at det skulle roe seg, men til slutt maatte me gi opp og ta bussen rundt (via Beit Jala). Dei som faktisk kom gjennom brukte ein og ein halv time berre fraa der koeen begynnte og til doera i muren inn til terminalen/sjekkpunktet. Det var heilt vanvittig, og dette maa palestinerane gjennom kvar dag! (i alle fall dei som er saa heldige at dei har tillatelse til aa reise inn til Jerusalem.