|
[28 Oct 2008|09:03pm] |
Det er veldig rart aa vera tilbake i Palestina. Naar ein er i Norge er det saa utrulig fjernt, men med ein gong eg kom tilbake foeltes det som om eg aldri hadde reist. Nokon ting er forandra, eg fant ikkje bussen til Jerusalem i Ramallah og det er kommet eit stort nytt kjoepesenter ved Jaffa gate (me i Norge kunne laert noko fraa israelerane akkuratt der, det er faktisk eit pent kjoepesenter som er bygd saann at det ikkje viser foer ein er inne i det). Er akkurat tilbake i Beit Sahour etter eit hyggelig kafebesok med Issa (ein palestinsk kamerat) der.
Saa langt har me hatt ein dag med olivenplukking og turar i Hebron, Ramallah og Jerusalem. Eg har blitt intervjua av ein reporter fraa den arabiske tv-stasjonen Al-Arabiyye, og det har visst blitt vist paa tv - dubba til arabisk. :) Det blir lagt ut daglige rapportar paa jai-pal.org (eg er i gruppe B).
EDIT: eg hadde tenkt aa skrive eit lenger innlegg paa fellesbloggen, men eg begynner aa merke den alt for tidlege morgonen eg hadde i dag, saa dette faar holde. Var altsaa oppe foer fire for aa observere paa Betlehem checkpoint saman med ledsagarar. Planen var aa gaa gjennom sjekkpunktet saman med dei tusenvis som ventar paa aa sleppe gjennom til Israel og paa jobb om morgonen, men nokon av oss var ikkje flinke nok til aa presse og blei derfor staande igjen paa palestinsk side. Me venta nokon timar, og haapte at det skulle roe seg, men til slutt maatte me gi opp og ta bussen rundt (via Beit Jala). Dei som faktisk kom gjennom brukte ein og ein halv time berre fraa der koeen begynnte og til doera i muren inn til terminalen/sjekkpunktet. Det var heilt vanvittig, og dette maa palestinerane gjennom kvar dag! (i alle fall dei som er saa heldige at dei har tillatelse til aa reise inn til Jerusalem.
|
|
|
[20 Oct 2008|11:37pm] |
Eg har planlagt sidan februar, kjøpte bilettar i mai og har gleda meg i evigheter... og i morgon er dagen! Endelig skal eg reise tilbake til Palestina, eit og eit halvt år etter at eg reiste derfrå. Eg gleder meg! Og er overraskande lite nervøs (sjølv om eg må innrømme at sommarfuglane har begynnt å danse når eg skriv dette).
Bloggen min har jo meir eller mindre vore død sidan eg forlot "det heilage landet", så reknar med at den kjem til å gjennoppstå nå.
Me har og oppretta ein fellesblogg, den finn du på: http://olivenplukkerne.blogspot.com/. Der ligg det og lenkar vidare til dei andre eg har med meg på tur. Reknar og med at det etter kvar (i alle fall i byrjinga av neste veke) vil komme oppdateringar på: http://jai-pal.org/.
Nå skal eg sove litt før eg skal på skulen i morgon tidleg og presentere oppgåve om organiseringa av norske kommunar. Trur ikkje eg kjem til å klare å konsentrere meg så veldig om det, men har snill seminarledar, så reknar med eg får presentasjonen godkjent sjølv om eg har tankane ein heilt annan plass.
|
|
|
[30 Jan 2008|10:30pm] |
|
Israelarar er vanligvis ikkje dei som gløymer ting så fort, men når det gjeld vær må dei ha usedvanlig dårleg hukommelse. Akkurat nå ligg denne saka øvst på db.no:I dag har vi heller snøballkrig, gutter. Saka handlar om at det fall snø i Jerusalem i dag, og at dette er svært sjeldan. Dei siterer ein 60åring som seier at han aldri har sett snø før i Israel. Vel, eg kan fortelje at det har eg, to gonger. Og eg har berre budd i Jerusalem i 8 månader. Sjølvsagt fører snø i Jerusalem til at alt stoppar opp, og det kan jo være plagsomt nok, men det burde ikkje vere nok til å vere ein nyhet i Noreg.
|
|
|
[15 Dec 2007|11:34am] |
For tida føles det som om alle andre har fått juleferie. Ja, eg ser at det sit nokon få andre her på lesesalen, men alle dei som pleide å flylle opp og skape liv er forsvunne. Universitetet har til og med gått tilbake til ikkje-eksamenstid-åpningstider. Og hovudet mitt er fullt av julegaver, juleheimreiseplanlegging, juleferie-gleding og juleavslutningar. Til saman gjer dette at det blir utrulig vanskeleg å konsentrere seg om politiske tenkarar, så det spørs korleis det går med eksamenen på onsdag. Er nesten så eg skulle ønske at det ville dukke opp litt eksamensangst, sånn at eg kanskje fekk gjort noko.
...og ja, dette er ein fin måte å unngå å begynne med det eg burde gjort.
|
|
|
[13 Aug 2007|05:07pm] |
I dag hade eg første dag på statsvitenskap. Var litt nervøs på forhånd, blir alltid det når eg ikkje kjenner nokon og ting er nytt, men heldigvis gjekk det veldig bra. Har allerde truffe 2 hyggelige Harry Potter fans og ein hyggelig KFUK-KFUM'ar frå Bergen. Så det ser ut som det kan bli eit bra år. :) Eg gler meg særlig til forelesningane om internasjonal politikk, me fekk ein smakebit i dag, og forelesaren virka veldig bra.
Eg har altså flytta til Oslo igjen, bur i fin hybel på Fjellbirkeland studentby. Manglar fortsatt nokon ting her, men det byrjar å føles som heime. Eg må berre finne ut korleis eg skal få med meg to hylle-gavlar på 2,26m heim frå Ikea, så er alt i orden.
På fredag kjøpte eg meg ny datamaskin, ein HP Pavillion. Er veldig fornøyd så langt, den oppfører seg bra og gjer stort sett som eg ber den om. Og ikkje minst, den er veldig pen!
|
|
|
[13 Apr 2007|06:01pm] |
Frå tirsdag til torsdag var eg og Live i Yanoun,ein landsby nord-aust på Vestbredden (i nærheten av Nablus), som vikarar for EAPPI-ane. Yanoun ligg veldig idyllisk til, mellom åsar og oliventrær. Desverre har ekstreme israelske busetterar etablert "utpostar" på tre sider av landsbyen, nokon stader berre 400 meter unna husa. Dei har, sidan dei kom i 1996, gjort alt dei kan for å få dei 10 familiane i landsbyen til å reise. Dei har kommet om natta, med maskingevær, og banka opp menn, skutt hundar og sauer, satt opp sjekkpunkt mellom den øvre og den nedre delen av landsbyen og brent ned generatoren som ga landsbyen straum. I oktober 2002 lykkast dei. Alle landsbyboerane reiste til nabobyen, etter at busetterane gjekk frå hus til hus og sa at dei ikkje ville finne nokon der neste laurdag.
Heldigvis var det internasjonale og israelske fredsaktivistar som reagerte, og bestemte seg for å dra til Yanoun for å passe på. Sakte men sikkert kom familiane tilbake til husa sine, men dei er heilt sikre på at den dagen dei internasjonale reiser, kjem busetterane til å komme tilbake. Og det har heller ikkje vore heilt rolig etter at dei internasjonale kom. Fleire internasjonale, og mange lokale, har blitt banka opp, og busetterane tar fortsatt ofte turar ned i landsbyen på laurdagen.
 Upper Yanoun. Legg merke til bygningen øverst til venstre, og tårnet til høgre. Begge deler tilhøyrer busetterane.
Dei dagane me var der var det heldivis veldig rolig, så me brukte tida til å gå turar, slappe av og besøke ein av familiane. Dei inviterte oss på middag, og fortalte om livet i Yanoun. Mora var veldig søt og hyggelig. Ho hadde 15 ungar, og syns ho hadde alt for mykje å gjere, så ho sa til oss at to eller tre er meir enn nok. :)
På mandag var me ein tur i Ramallah, og me stoppa på veien for å ta bilde av muren. Det er utrulig vanskelig å beskrive muren, og korleis det føles å stå foran den og vite kor mykje problem den skaper for folk her. Her er i alle fall nokon blider av tegningar på muren rett ved Kalandia sjekkpunkt.

|
|
|
[04 Apr 2007|09:58am] |
|
( Bilder )
|
|
|
[26 Mar 2007|09:37pm] |
Eg begynner å merke at tida her går mot slutten (det er mindre enn ein månad igjen), og derfor har eg tatt meg saman dei siste dagane, og gjort ein del ting som eg har planlagt å gjere sidan eg kom hit. Det blir nok hyggelig å komme heim, men eg kjem til å savne Jerusalem.
I dag tidlig besøkte eg og Live Tempelhøgden, eller Haram al-Sharif, som den heiter på arabisk.
 Etter å ha passert forbi dette skiltet, og israelsk sikkerhetskontroll, kunne me gå opp brua det har vore så mykje uro rundt. Dei siste månadane har israelerane drive grave-/byggearbeid der, og palestinerane er redde for at det skal skade fundamenta til Al Aqsa. Det har derfor vore ein del demonstrasjonar, men det meste har roa seg nå, og i dag var det heilt fredelig der.
 Klippemoskeen er om mulig enda meir imponerande på nært hold enn på avstand. Ein får dessverre ikkje lov til å gå inn i verken den eller Al Aqsa, men dei er jo flotte utanfrå og.
I går tilbragte eg 5 timar på Holocaustmuseet, og hadde ikkje beina sagt stopp kunne eg godt vore der i kanskje to timar til. Museet er veldig flott, det har tydeligvis ikkje vore mangel på resurssar. Heile veien er det filmar av folk som fortel om sine eigne opplevingar i Holocaust, og det gjer det heile veldig nært. Men så avsluttar dei med opprettinga av staten Israel, og presenter det som løysninga på alle problema. Eg syns jo det er viktig å minnast det som skjedde i Holocaust, men eg likar virkelig ikkje måten Israel brukar det til å legitimere dagens politikk.
På fredag drog me til Jeriko saman med ei gruppe veldig høgrøysta tenåringar frå YWCA. Dei syns for eksempel det var fint å skrike så høgt dei kunne då me kjørte gjennom ein tunnel (heldigvis er det berre ein tunnel mellom Jerusalem og Jeriko, for 30 hylande ungdomar er ganske grusomt).
 Ein behandlar fortidsminna sine ganske annerledes her. Dette er ein del av eit palass frå 700-talet. Men dei har jo litt meir å ta av her, så då er det kanskje ikkje så nøye. Ungdomane var ellers veldig hyggelige, og eg trur dei koste seg på tur.
Sidan eg ikkje har tid til å lage noko liste med venner (som ikkje har livejournal), vil eg berre nemne til slutt at Live også har ein blogg.
|
|
|
[18 Mar 2007|01:02pm] |
Dette skreiv eg på torsdag, mens eg satt og håpte at internettet på mirakuløst vis skulle dukke opp igjen. Det gjorde det ikkje, og i dagane etterpå har det og vore så som så med nett, så derfor legg eg det ut nå.
( ... )
I går flytta me ut i brakka me skal bu i dei siste 5 vekene her. Den er heilt enkel, berre fire senger, eit bord og ei hylle, så i begynnelsen virka den ganske stusselig. Men då me fekk flytta inn tinga våre, og hengt opp litt ting på veggen, blei det nesten heimekoslig. Men det var forferdelig kaldt i natt! Eg sov i ullundertøy, og hadde to tepper oppå meg (i tillegg til lakenpose), men likevel var det så kaldt at eg ikkje fikk sove noko særlig. Så i dag har me bedt om å få ein ovn, og håpar det er i orden når me kjem heim i ettermiddag. Me har og kjøpt oss termos, så me kan ta med varmt vatn innanfrå.
|
|
|
[09 Mar 2007|06:51pm] |
|
Tenkte berre eg måtte informere om at eg er trygt tilbake i Jerusalem etter ei veke i Jordan. Alt gjekk bra på grensa, så då får eg være her til 23.april. :) Skal skrive lenger om flott tur til Jordan når eg får tid.
|
|
|
[19 Feb 2007|08:27pm] |
Torsdag for ei og ei halv veke sidan var det brann på YWCA. Den starta tidlig om morgonen i 4.etasje og då ho som jobbar i treningssenteret tok heisen opp slo røyken imot ho. Heldigvis høyrte nokon ropa hennar før ho besvimte, og dei kom for å slokke og få ho ut. Dei lydane vakna eg av. Eg hjalp litt til, og det var veldig dramatisk ei stund. Heldigvis gjekk det bra med alle, og brannen spredde seg ikkje til andre rom. Brannmennene har sagt at brannen sannsynligvis hadde holdt på nokon timar, og det er litt skummelt å tenke på at eg har vore aleine med ein brann i etasjen over.
Dei to første nettene etter brannen budde eg på eit veldig hyggelig gjestehus rett i nærheten av YWCA. Der hadde eg TV på rommet, og fekk slappa av. Etter helga blei det bestemt at dei ikkje ville ha nokon buande på YWCA før dei hadde fiksa sikkerheten (brannalarm, branntrapp ol.). Så nå bur eg på ein skule for blinde som heiter Helen Keller. Det er 11 elevar som bur her, og dei er veldig søte. Nokon av dei snakkar litt engelsk, og ellers så får eg øvd meg på arabisk.
På onsdag kom Live hit, så nå er me tre norske jenter som bur saman i ein leilighet. Her har me mange ting som eg ikkje hadde på YWCA: oppvarming, varmt vatn omtrent heile tida, vaskemaskin, hyggelig kjøkken med mikrobølgeovn og nedtrekkbart oppvasktørkestativ over vasken, og me får meir mat enn me nokon gong vil klare å ete. Det einaste som er litt upraktisk er at me må ta bussen i ca. 20 min for å komme til YWCA og sentrum, men det går og veldig bra, eg har berre vore litt bortskjemt på det området.
I går drog me til Dødehavet i ein buss full av damer frå YWCA. Det var veldig hyggelig, og sjølv om det blei overskya utover dagen var det flott å bade både i Dødehavet og i eit utendørs svømmebasseng. Palestinerane var visst ikkje enige i at det var badetemperatur i vatnet (så dei holdt seg til dei oppvarma bassenga innendørs), men for meg som er vant til Litledalsvatnet var det heilt fint. Hotellet me var på hadde spa, så eg fekk rygg og nakkemassasje. Eg veit ikkje om det er sunt at det fortsatt gjer vondt i nokon punkt på ryggen? Det var i alle fall deilig mens det pågikk.
I kveld er Live og Helene på første arabisktime, så eg er "aleine heime". Trur eg skal gå bort i leiligheten nå og lese guidebok til Jordan (skal reise dit om nokon veker, for å fornye visum). Det fristar i alle fall meir enn ExPhil-pensum.
|
|
|
[07 Feb 2007|08:25pm] |
|
( Bilder )
|
|
|
[29 Jan 2007|03:01pm] |
I dag er eg i Jeriko. Skal vere her til lordag, for aa sjaa korleis YWCA er her, og forhaapentligvis hjelpe til litt. Saa langt i dag har eg diskutert dekorering av eit datarom (som ho som jobbar her syns er alt for kjedelig, og det kan eg vel egentlig vere enig i), gaatt ein lang tur, besokt Sakkeus-treet og provd aa forklare ei av dei som jobbar her korleis ein faar satt eit prosjekt ut i live (ikkje det at eg er nokon ekspert paa det, men trur eg kunne gi ho nokon nyttige tips i alle fall).
Turen hit gjekk veldig fint, sjolv om eg ikkje visste heilt kor eg skulle ta bussen fra og til paa forhaand (maatte bytte paa veien). Det einaste som var litt skummelt var at bussjaaforen kjorte som ein gal. Heldigvis var minibussen ganske ny og hadde bilbelte. Det med belte er ganske morsomt/rart her, det er nemlig paabudt i Israel (og Israelskkontrollerte omraader), men ikkje i Palestinske omraader (i alle fall ikkje i byane). Saa i det oyeblikket me hadde passert sjekkpunktet inn til Jeriko tok alle i bussen av seg belta...
|
|
| Så kom sommaren... |
[27 Jan 2007|06:39pm] |
|
I dag har det vore utrulig flott vær her. Eg gjekk meg ein tur, kjøpte jordbær, og satte meg i ein park og leste ei god bok. :) Er litt bekymra for at eg har blitt solbrent, men det er nå egentlig eit luksusproblem i januar. Lurer på om det er sommaren som har kommet allerede, eller om det er ein eller annan rar midtvinter-sommar? Det har jo ikkje vore sikkelige vintertempraturar her, men me har faktisk hatt snø, og det har til tider vore ganske kaldt.
|
|
|
[23 Jan 2007|07:23pm] |
|
I dag har det vore dramatikk her. Etter ein krangel påstod ei av dei som jobbar her at ein annan hadde slått henne. Det virkar for meg ganske usannsynlig (han er veldig rolig og snill,og det var andre til stades som ikkje såg noko slåing), men ho ringte i alle fall til brødrene sine og fekk dei til å komme å banke han opp! Så nå er dei begge suspenderte inntil vidare. Og det fører til at eg i natt skal være heilt aleine her i bygget for første gong. Det trur eg går veldig bra, eg klarer å passe på meg sjølv mellom 11 og 7. Og sjølv om nokon prøvde å fortelje meg at det jo er større sjanse for at det skal skje "skumle" ting her enn i Norge, så føles det ikkje sånn når ein er her. Slosskampen i dag er nok den "skumlaste" episoden eg har opplevd i Jerusalem, og den såg eg jo ikkje ein gong.
|
|
|
[15 Jan 2007|08:10pm] |
I dag har eg fått ny datamaskin på kontoret. Dvs. Rana har fått ny data, og eg har arva hennar gamle. Og den er mykje bedre enn den eg hadde før. Og det aller beste er at datafyren her fiksa alt, så det var berre for meg å sette meg ved den nye og begynne å jobbe. Han hadde til og med plugga headsettet mitt inn i den nye maskinen (i tillegg til å overføre alle filene selvfølgelig).
I går var eg på shopping og kino i Canyon, som er det største kjøpesenteret her i byen. Og på bussen på veien dit spelte dei Lene Marlin på radioen. :)
Heisen her i huset blei ødelagt i forgårs, og viss den ikkje blir reparet på ei stund kan det jo faktisk hende at eg kjem til å komme i form. Eg er nemlig for lat til å gå trappene når eg har eit alternativ. Men eg veit jo at det er bra for meg å bevege meg meir. Burde vel egentlig gått så langt som til å begynne å trene på treningssenteret på loftet her. Me får sjå...
|
|
|
[09 Jan 2007|08:19pm] |
I går var eg på "poetry night" hos Margit (#2). Det blei ein veldig hyggelig kveld. Dikt lest med stor innlevelse (inkludert hopping opp og ned og klatring på stolar) av ein litt gal skotsk prest er ein opplevelse! Ellers var det stor bredde i dikta, Shakespeare, songtekstar, biblevers (lest på gammelhebraisk)og mykje anna. Skulle ønske eg hadde tatt notater, for eg har glømt nesten alle dikta allerde. Eg tok til og med mot til meg og leste to dikt på norsk.
Godt nytt år til alle saman forresten. Eg feira det nye året i Ramallah saman med familien til Emily som er i Norge på utveksling. Det var veldig hyggelig og ganske slitsomt. Dei var nemlig heile storfamilen samla til fest, så me var sikkert 40 stk. frå 2 år og oppover samla i ein ikkje så veldig stor leiliget. Og når klokka er over tolv, og ein sett igong med stolleken og krig med snøspray i eit rom fullt av ungar, er det naturlig at det blir eit ganske høgt lydnivå og ein del grining. Det var og mykje slossing. Alle i familien sloss med kvarandre virka det som, voksne slo ungar og andre voksne og ungar slo voksne og andre ungar. Det var visst ein vanlig sosial aktivitet. Slossing er kanskje ein vanlig aktivitet i enkelte familiar i norge og, men for meg er det veldig vanskelig å forholde seg til voksne som slår (sjølv om det er "på tull").
Bortsett frå det med slossinga er dei ein veldig hyggelig familie, og dei tar veldig godt vare på meg når eg er der. Eg er jo her for å bli kjent med landet og folket, og då er det jo kjekt å bli invitert heim til ein familie. :)
|
|
|
[24 Dec 2006|01:42pm] |
( God jul! ) I går fekk eg familen på besøk, og i dag skal me reise til Beit Jala (Betlehem) og tilbringe resten av julehelga der. Trur det blir veldig hyggelig. Det er i alle fall veldig hyggelig å ha besøk!
Ønsker alle ei flott jul og eit godt nytt år!
|
|
| navigation |
| [ |
viewing |
| |
most recent entries |
] |
| [ |
go |
| |
earlier |
] |
|
|
|
|